
Dette intensive helgekurset er eit tilbod for deg som saknar grundig lesing av dei skjønnlitterære tekstane dine, og som vil erfare korleis tekstgjennomgang kan føregå på akademiet, saman med ein lærar og elleve andre deltakarar.
Det neste responskurset med forfattar og skrivelærar ved Skrivekunstakademiet, Tormod Haugland vert halde 22. og 23. mars, med søknadsfrist 14. februar kl. 23:59. Søknadsskjemaet finn du her.
Fleire av deltakarane som har vore med på responskurset, har seinare komme inn på Skrivekunstakademiet sitt årsstudium i skapande skriving, og på andre skriveskular. Du søkjer med 5-7 sider i valfri sjanger. Det kan vere ein eller fleire tekstar, avslutta eller utdrag frå noko større. Kurset har 12 plassar.
Søknadstekstane til dei som får plass vert så sendt ut til kvar kursdeltakar for gjennomlesing i forkant av kurset. Under dei to dagane kurset varer, vert kvar deltakar sin tekst/tekstar gjennomgått i plenum. Alle tek del i tekstsamtalen.
Kurset kostar 2500 kr, og finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft i Bergen.