
Skrivekunstakademiet arrangerer kvart år eit responskurs med forfattar og skrivelærar Tormod Haugland. Kurset går over to dagar og datoane for 2026 er 28. februar – 1. mars med søknadsfrist 28. januar kl. 23:59. Søknadsskjema vert lagt ut her i byrjinga av veke 2.
Du søkjer med 5-7 sider tekst. Tekstane du søkjer med kan vere i valfri sjanger. Det kan vere ein eller fleire tekstar, avslutta eller utdrag frå noko større. Kurset har 12 plassar.
Søknadstekstane til dei som får plass vert kopierte opp og sendt ut til alle kursdeltakane for gjennomlesing i forkant av kurset. I løpet av dei to dagane kurset varer, vert kvar deltakar sin tekst/tekstar gjennomgått i plenum. Alle tek del i tekstsamtalen.
Pris: 3000 kr
Stad: Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft i Bergen.