
Sommarkurset passar for deg som ynskjer å kome i gang med skriving for alvor, eller få eit kick til å kome vidare. Ikkje minst: møte andre som òg interesserer seg for skriving og har eit ønske om å utvikle seg litterært.
Kurshaldarar for sommarkurset 2026 er Eivind Riise Hauge og Eli Fossdal Vaage. Kurset vert halde 22.-25. juni i Skrivekunstakademiet sine lokale på USF Verftet i Bergen.
Pris: 5 000 kr.
KORLEIS SØKJE
Du søkjer med fem til sju sider sjølvskriven tekst av skjønnlitterær karakter, og det er desse sidene det i hovudsak vil bli arbeidd med på kurset. Det er difor viktig at deltakarane er førebudde på at alle les kvarandre sine tekstar, og at ein har lese tekstane før kursstart. Vi tek inn inntil 12 søkjarar.
Søknadsfristen var 18. mai 2026 kl. 23:59.
Søknadsskjema vert lagt ut her når datoane for 2026 er satt.
Tidlegare kursleiarar har vore:
Aina Villanger & Eli Fossdal Vaage (2025)
Therese Tungen & Brynjulf Jung Tjønn (2024)
Julie Stokkendal & Pedro Carmona-Alvarez (2023)
Maria Navarro Skaranger & Pedro Carmona-Alvarez (2022)
Sumaya Jirde Ali & Gunnar Wærness (2021)
Anna Kleiva & Lars Svisdal (2020)
Eli Fossdal Vaage & Erlend Nødtvedt (2019)
Hildegunn Dale & Henning Bergsvåg (2018)
Pedro Carmona-Alvarez og Tiril Broch Aakre (2017)
Kristina Leganger Iversen og Anne Helene Guddal (2016)
Brit Bildøen og Ruth Lillegraven (2015)
Cecilie Løveid og Rolf Enger (2014)
Rolf Enger og Mirjam Kristensen (2013)
Rolf Enger og Mirjam Kristensen (2012)
Pedro Carmona-Alvarez og Inger Bråtveit (2011)
Ruth Lillegraven og Brit Bildøen (2010)