
Casper André Lugg er gjestelærar på haustens første kurs, poesikurs med Morten Langeland. I det høvet inviterer vi til temakveld på akademiet! Lugg og Langeland snakkar om ulike sider ved gjendiktning av poesi: som utviding av eigen praksis, som litteraturformidling og som språkleg fordjuping. Dei vil òg snakke om, og lese frå, nokre av dei beste poesigjendiktningane frå dei to siste åra.
Casper André Lugg debuterte med diktsamlinga Lite rekviem (2011), og i 2015 kom Dagene er som gress. For desse fekk han Bokhandelens forfatterstipend. Sidan har han gjeve ut dei kritikerroste samlingane Nymånedagene (2016), Det store svaet (2017), Tilgi det virkeliges blomstring (2018), mariabiotopene (2020), sted for løpende hjerte (2021) og de minste bærer vann (2022).
No i haust kom tilhørighetstersklene og Det er lytt mellom diktet og verden: dikt i utvalg ved Katrine Heiberg. Casper André Lugg arbeider òg med gjendikting og kom i fjor med ei gjendikting av Jorie Graham si Til 2040 saman med Monica Aasprong. Tidlegare har dei bl.a. gjendikta Ann Jäderlund saman.
Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.
Temakvelden finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E.
Sal av øl og vin.
Gratis inngang.
Ope for alle.
Vel møtt!