Cesilie Holck er gjestelærar på haustens kurs i kortare prosa, og i det høvet inviterer vi til temakveld på akademiet! Holck vil halde eit føredrag om forfattarliv og skriveprosess. Ho vil snakke spesielt om prosessen fram mot ein debut, og om å velje å halde fram.
Cesilie Holck debuterte i 2009 med kortprosasamlinga «Norg» og følgde opp med ei ny kortprosasamling i 2018, «Besserwisser». I tillegg har ho gjeve ut to romanar, «Lille hjelper» (2011) og den seinaste utgjevinga hennar «Til døds» (2020).
Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E.
Torsdag 03.10.24 kl. 19:00
Sal av øl og vin. Gratis inngang. Ope for alle!
Vel møtt til ein inspirerande kveld på akademiet!