Temakveld med Maria Navarro Skaranger

Neste veke kjem Maria Navarro Skaranger til byen for å vera gjestelærar for studentane på årsstudiet. Vi nyttar høvet til å invitera til temakveld på akademiet!

Maria Navarro Skaranger si siste utgjeving, «Jeg plystrer i den mørke vinden» (2023), er eit portrett av kvinna Sidsel, som var ein bifigur i Navarro Skaranger sin førre roman, «Emily forever». Denne kvelden vil forfattar og skrivelærar Tormod Haugland leia ein samtale med kveldens gjest om skriveprosessen knytt opp mot desse to bøkene. 

Maria Navarro Skaranger debuterte i 2015 med romanen «Alle utlendinger har lukka gardiner», som ho òg vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2018 kom den kritikarroste romanen «Bok om sorg (Fortellingen om Nils i skogen)». For denne fekk ho både Osloprisen 2018 og EUs litteraturpris 2020. Ho fekk òg Bjørnsonstipendet i 2019. «Emily forever» (2021) vart nominert til Bokhandlerprisen, Kritikerprisen og Ungdommens kritikerpris. Navarro Skaranger sine bøker er omsett til 18 språk. I 2022 fekk ho Sultprisen for forfattarskapen sin. «Jeg plystrer i den mørke vinden» (2023) er den siste utgjevinga hennar. 

Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. 

Torsdag 14.11.24 kl. 19:00
Gratis inngang. Sal av øl og vin. Ope for alle!