Casper André Lugg kjem til Skrivekunstakademiet 14. september for å snakke om poesi og om «relasjonsbegrepet» i poesien, med hovudvekt på naturrelasjonen.
Casper André Lugg er ein av våre sterkaste og tydelegaste unge lyrikarar. Hans dikting har en særleg stemthet mot naturen og mennesket i naturen. Hans åttande diktsamling de minste bærer vann og ei attdikting av Ann Jäderlund blei gitt ut i fjor.
Casper André Lugg er fødd i 1985 og bur på Manstad. Han debuterte med diktsamlinga Lite rekviem (2011) og i 2015 kom Dagene er som gress. For desse blei han tildelt Bokhandelens forfatterstipend. Sidan har han utgitt dei kritikerroste samlingene Nymånedagene (2016) og Det store svaet (2017), Tilgi det virkeliges blomstring (2018), Mariabiotopene (2020) og sted for løpende hjerte (2021).
Temakveldane på Skrivekunstakademiet er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme. Det vert òg mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn sted i Skrivekunstakademiets lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E. Sal av drikke.