Category Archives: Nyheiter

Temakveld med Maria Navarro Skaranger

Neste veke kjem Maria Navarro Skaranger til byen for å vera gjestelærar for studentane på årsstudiet. Vi nyttar høvet til å invitera til temakveld på akademiet!

Maria Navarro Skaranger si siste utgjeving, «Jeg plystrer i den mørke vinden» (2023), er eit portrett av kvinna Sidsel, som var ein bifigur i Navarro Skaranger sin førre roman, «Emily forever». Denne kvelden vil forfattar og skrivelærar Tormod Haugland leia ein samtale med kveldens gjest om skriveprosessen knytt opp mot desse to bøkene. 

Maria Navarro Skaranger debuterte i 2015 med romanen «Alle utlendinger har lukka gardiner», som ho òg vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2018 kom den kritikarroste romanen «Bok om sorg (Fortellingen om Nils i skogen)». For denne fekk ho både Osloprisen 2018 og EUs litteraturpris 2020. Ho fekk òg Bjørnsonstipendet i 2019. «Emily forever» (2021) vart nominert til Bokhandlerprisen, Kritikerprisen og Ungdommens kritikerpris. Navarro Skaranger sine bøker er omsett til 18 språk. I 2022 fekk ho Sultprisen for forfattarskapen sin. «Jeg plystrer i den mørke vinden» (2023) er den siste utgjevinga hennar. 

Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. 

Torsdag 14.11.24 kl. 19:00
Gratis inngang. Sal av øl og vin. Ope for alle!

Begynnelsen er nær: ein samtale om den urolege boka

Aina Villanger er gjestelærar på haustens kurs i metode og prosess, og i det høvet inviterer vi til temakveld på akademiet! Denne kvelden vil forfattar og skrivelærar Eli Fossdal Vaage samtale med Villanger og om den siste utgjevinga hennar, Begynnelsen er nær, som kom tidlegare i haust. 

Aina Villanger debuterte i 2012 med diktsamlinga Langsang til strålande mottaking. I 2019 fekk ho Stig Sæterbakkens minnespris for debuten, samt dei påfølgjande diktsamlingane Baugeids bok (2017) og Nattnød (2019). I 2021 kom den lyriske forteljinga Onkel Arne og månen. Diktsamlinga Begynnelsen er nær (2024) er den siste boka hennar. 

Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E.

Torsdag 24.10.24 kl. 19:00
Gratis inngang. Sal av øl og vin. Ope for alle!

Vel møtt!

TEMAKVELD MED CESILIE HOLCK

Cesilie Holck er gjestelærar på haustens kurs i kortare prosa, og i det høvet inviterer vi til temakveld på akademiet! Holck vil halde eit føredrag om forfattarliv og skriveprosess. Ho vil snakke spesielt om prosessen fram mot ein debut, og om å velje å halde fram.

Cesilie Holck debuterte i 2009 med kortprosasamlinga «Norg» og følgde opp med ei ny kortprosasamling i 2018, «Besserwisser». I tillegg har ho gjeve ut to romanar, «Lille hjelper» (2011) og den seinaste utgjevinga hennar «Til døds» (2020). 

Temakveldane er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og der det òg vil bli mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren. Temakvelden finn stad i Skrivekunstakademiet sine lokale på Georgernes Verft 12. Inngang E.

Torsdag 03.10.24 kl. 19:00
Sal av øl og vin. Gratis inngang. Ope for alle!

Vel møtt til ein inspirerande kveld på akademiet!

Opptak til Skrivekunstakademiet 24/25

Opptaket til Skrivekunstakademiet 24/25 er ferdig!

Årets studentar til årsstudium i skapande skriving er:

April Alexandersdottir
Rigmor Bøgelund-Jensen
Sandra Martine Eskeland
Ole Kristian Flåten
Jógvan Helge Gardar
Mikkel Grimstad
Synne Grimsæth
Johanne Elise Hansteen Valen
Nameera Hussain
Lisa Nordhaug
Ditte Hedevang Nielsen
Peter Schmidt Hagerup

Årets deltakarar til påbyggingskurs i skapande skriving er:

Helene Hovden Hareide
Emma Eggen
Isir Eline Braathen
Tilde Strand Bogen
May Therese Vorland
Robin Van de Walle

Vi ser fram til eit nytt skuleår!