Skrivekunstakademiet har to ulike kurs: Årsstudiet og påbyggingskurset. Årsstudiet har søknadsfrist 1. april 2025, og tek inn 12 studentar. Påbyggingkurset har søknadsfrist primo mai 2025, og tek inn 6 studentar.
ÅRSSTUDIUM 25/26
Søknadsfristen for årsstudium 25/26, er tysdag 1. april kl 23.59. Søknadsskjemaet kjem ut primo mars.
Målgruppe
Studiet høver for den som vil utvikle skriveevner med tanke på skjønnlitterær forfattarskap, eller opparbeide kunnskap og erfaring med lese- og skriveprosess i høve til arbeid innan journalist- og mediefag, forlagsverksemd, litteraturkritikk og -formidling.
Studiet eignar seg til utforsking og eksperimenterande arbeid med skjønnlitterær skriving, og legg vekt på å utvikle kjennskap og medvit i høve til ulike litterære sjangerfelt og formtradisjonar. Framfor å halde fram ein særskilt modell for skrivinga, tek ein utgangspunkt i kva studentane sjølve skriv, med respekt for den einskilde si uttrykksform.
Krav til søkjar
- Generell studiekompetanse (tilsvarande Studentereksamen i Danmark og Slutbetyg i Sverige).
- Søknad om opptak skal innehalde 10–15 sider nyskriven tekst (skrive i løpet av siste to år) av skjønnlitterær karakter. Det kan vere ein samanhengande tekst, eller fleire kortare tekstar. Ein kan søkje med tekstar i fleire sjangrar, publiserte og upubliserte.
Søknad skal elles ha opplysningar om:
- Personlege data
- Tidlegare utdanning
- Skrive- og leseerfaring
- Motivasjon for studiet
Språk
Søkjarar som skriv på norsk, svensk og dansk vert vurderte på lik linje. Søknadar på andre språk vert ikkje vurderte.
Opptaksnemnd og vurdering
I nemnda for opptak sit minst tre av dei fagleg tilsette ved akademiet.
I vurdering til opptak legg ein vekt på søkjar si evne til å framstille eit innhald/stoff i ei skjønnlitterær form.
Lånekassen
Bortsett frå ei semesteravgift på 1750,- for kopiering og medlemskap i Sammen, kostar undervisninga ved årsstudiet på Skrivekunstakademiet ingenting. Studentar som er tatt opp til studiet har rett på lån og stipend frå Lånekassen.
Søknad og søknadsfrist
Fristen for å søke er 1. april 2025 kl. 23.59. Digitalt søknadsskjema kjem ut på nettsida i god tid på førehand. Har du fleire spørsmål om årsstudiet eller søknadsprosessen? Ta gjerne kontakt med oss på epost, eller sjå her for meir info.
Den vedlagde teksten skal vere i pdf-format med nummererte sider og med fullt navn på første side. Vi ønskjer halvannan linjeavstand og 12 punkts skrift.
PÅBYGGINGSKURS 25/26
Søknadsfrist for neste opptak til påbyggingskurset er primo mai 2025 og søknadsskjema vert lagt ut primo april.
Påbyggingskurset er samlingsbasert og består av ei opningsveke på fem dagar, og deretter fire samlingar over tre dagar. Kurset er leia av forfattarane Gunnar Wærness og Gunnhild Øyehaug. Arbeidsforma er i hovudsak tekstsamtale: Studentane les kvarandre sine arbeid, og er aktive i plenumsdiskusjonar og samtalar. I undervisninga blir det fokusert på litterære metodar og formtradisjonar, og den teoretiske diskusjonen spring ut av moglegheiter og utfordringar knytt til kvart enkelt manuskript. Spørsmål ein kan arbeide med er til dømes: Kva er dramaturgi, kva er ein forteljar, kva er ei poetisk frase, korleis kan ein komponere eit større, litterært arbeid, korleis møte utfordringar i arbeidet, kva spring dei ut ifrå?
Skrivekunstakademiet tek opp seks studentar til påbyggingskurset. Sjølve kurset er gratis, men kvar deltakar betaler ei kopiavgift på 1350 kroner.
SØKNADSKRITERIUM
Studiet er meint for den som arbeider med eit påbyrja litterært manuskript og vil fordjupe seg ytterlegare i prosjektet sitt. Det er eit krav at søkjaren har gjennomført minst eitt år kreativ skriveutdanning på universitets- eller høgskulenivå (60 studiepoeng) eller har ei eller fleire utgjevingar bak seg.
OPPTAKSGRUNNLAG
Søknad om opptak skal innehalde 10-15 sider tekst, skrive i løpet av dei to siste åra, av skjønnlitterær karakter. Teksten bør vere i tråd med den retninga studenten ønsker å arbeide i løpet av året. I tillegg til den skjønnlitterære teksten, skal ein legge ved utfylt søknadsskjema med opplysingar om:
- Personlege data (obligatorisk)
- Tidlegare utdanning (obligatorisk)
- Motivasjon for studiet (obligatorisk)
- Lese- og skriveerfaring, deltaking i lese- og skrivegrupper, redaksjonsarbeid, deltaking i antologiar eller andre publikasjonar, litteraturpedagogisk arbeid eller annan arbeidserfaring frå tidsskrift, forlag o.l. Legg gjerne ved referansar.
SPRÅK
Søkjarar som skriv på norsk, svensk og dansk blir vurderte på lik linje. Søknadar på andre språk blir ikkje vurderte.
OPPTAKSNEMND OG VURDERING
I nemnda for opptak sit hovudlærarane. I vurderinga til opptaket blir det lagt vekt på søkjarens evne til å framstille eit innhald/stoff i ei skjønnlitterær form.