Sommarkurset går over fire dagar og passar for deg som ynskjer å kome i gang med skriving for alvor, eller få eit kick til å kome vidare. Ikkje minst: møte andre som òg interesserer seg for skriving og har eit ønske om å utvikle seg litterært. Kurset vert halde i Skrivekunstakademiet sine lokale på Verftet. Kurset i 2025 vil gå over fire dagar og vere i midten/slutten av juni. Det kostar 4500 kroner.
Datoar og info om kursleiarar for 2025 kjem når det nærmar seg.
KORLEIS SØKJE
Du søkjer med fem til sju sider sjølvskriven tekst av skjønnlitterær karakter, og det er desse sidene det i hovudsak vil bli arbeidd med på kurset. Det er derfor viktig at deltakarane er førebudde på at alle les kvarandre sine tekstar, og at ein har lese tekstane før kursstart. Vi tek inn inntil 12 søkjarar.
Du søkjer digitalt her innan søknadsfrist 20. mai kl. 23:59. Vi vil gi svar innan 24. mai.
Tidlegare kursleiarar har vore:
Julie Stokkendal & Pedro Carmona-Alvarez (2023)
Maria Navarro Skaranger & Pedro Carmona-Alvarez (2022)
Sumaya Jirde Ali & Gunnar Wærness (2021)
Anna Kleiva & Lars Svisdal (2020)
Eli Fossdal Vaage & Erlend Nødtvedt (2019)
Hildegunn Dale & Henning Bergsvåg (2018)
Pedro Carmona-Alvarez og Tiril Broch Aakre (2017)
Kristina Leganger Iversen og Anne Helene Guddal (2016)
Brit Bildøen og Ruth Lillegraven (2015)
Cecilie Løveid og Rolf Enger (2014)
Rolf Enger og Mirjam Kristensen (2013)
Rolf Enger og Mirjam Kristensen (2012)
Pedro Carmona-Alvarez og Inger Bråtveit (2011)
Ruth Lillegraven og Brit Bildøen (2010)