Skrivekunstakademiet har åtte tilsette i deltidsstillingar: Akademileiar (80%), studiekonsulent (60%) og seks skrivelærarar (25-30%). Vi har også knytt til oss fleire forfattarar og litteraturvitarar som held faste kurs kvart år på frilansbasis.
I tillegg har vi kvart år ei rekke gjestelærarar. Du kan sjå ei liste over desse her.
Sivert Nesbø, Akademileiar
Fødd 1982. Forfattar. Har gitt ut fem bøker og ei omsetjng. Debuterte med Skårgangar i 2013. Siste roman Varme og vatn kom i februar 2021, og omsetjinga Framom døden av William Faulkner, kom også i 2021. Utdanna ved Skrivekunstakademiet, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. Har røynsler fra arbeid som tidsskriftredaktør og manuskonsulent, er utdanna lærar og har brei erfaring frå formidling på kulturfeltet. Styremedlem i Litteraturhuset i Bergen og i Den norske Forfatterforening.
Marita Algrøy, studiekonsulent
Fødd 1991. Algrøy har ein bachelor i skapande skriving frå Roehampton University i London og har gått årsstudiet ved Skrivekunstakademiet.
Erlend Nødtvedt, skrivelærar
Fødd 1984. Forfattar og litteraturformidlar ved Bergen Offentlege Bibliotek. Nødtvedt har master i nordisk litteratur frå UiB. Han debuterte med Harudes i 2008, og har sidan skrive ytterlegare fire diktsamlingar, seinast Olav Nygards seng (2023). Han er òg kjent for romanane Vestlandet (2017) og Mordet på Henrik Ibsen (2021). For forfattarskapen sin har Nødtvedt motteke Mads Wiel Nygaards legat, Ung Poesi-prisen, Bergensprisen, Bjørnsonstipendet, Bokhandlerforeningens forfatterstipend, Premio Ostana og Olav H. Hauge-stipendet.
Eli Fossdal Vaage, skrivelærar
Fødd 1984. Forfattar. Debuterte med diktsamlinga Hekla myter i 2014, i 2019 kom diktsamlinga Estalåni og i 2021 kom novellesamlinga Grå hoppe. Er tidlegare student ved Skrivekunstakademiet, og har ein mastergrad i Allmenn litteraturvitskap frå UiB. Har i mange år arbeidd som journalist i ulike redaksjonar i NRK, og har vore publisert i fleire tidsskrift. Lagar podcast for Barnebokkritikk.no.
Tormod Haugland, skrivelærar
Fødd 1962. Forfattar og førsteamanuensis i skapande skriving. Utdanna ved Skrivekunstakademiet og cand.art. med hovudfag i grafisk illustrasjon ved Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design i Bergen. Debuterte med romanen Under i 1994. Har sidan gjeve ut bøker i ulike sjangrar, som dikt, noveller, essay og skodespel, med romanen som hovudsjanger. Siste bok er romanen Sirenene (2024). Forfattarskapen til Haugland inneheld også ei mengd skjønnlitterære småhefte, publisert på Severina Sars Museum, eit miniforlag han driv saman med biletkunstnaren Annette Kierulf. Akademileiar ved Skrivekunstakademiet 1998-2008. Haugland var festspeldiktar i Bergen i 2021.
Morten Langeland, skrivelærar
Fødd 1986. Forfattar og kritikar. Utdanning frå mellom anna Skrivekunstakademiet, Litterär Gestaltning i Göteborg og har ein MFA frå Kunstakademiet i Oslo. Debuterte med diktsamlinga Æ æ å (2012, Kolon Forlag), har sidan gjeve ut fire diktsamlingar, ein kortprosasamling og to romaner. Siste bok: Til mote (2023). Han mottok Stig Sæterbakkens Minnnepris i 2016 og Sultprisen i 2021. Forutan å vere skjønnlitterær forfattar og lærar, skriv Langeland jamleg kritikk i Klassekampens Bokmagasin, og han inngår som ein del av redaksjonen til forlaget H//O//F.
Gunnhild Øyehaug, skrivelærar på påbyggingskurset
Fødd 1975. Forfattar, cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap ved UiB og førsteamanuensis i skapande skriving. Øyehaug debuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av blåbæret. Sidan har ho gjeve ut ei rekkje novellesamlingar, essaysamlingar og romanar i tillegg til filmmanus og dramatikk. Dei siste utgjevingane hennar er Vonde blomar (noveller, 2020), Hjartet i skalkeskjulet, essay (2023), Gunnhild og kona til Eirik Blodøks, dramatikk (2023). Øyehaug har fått Sultprisen og Doblougprisen for forfattarskapen sin og er omsett til fleire språk. I 2018 vart den amerikanske utgåva av romanen Vente, blinke nominert til National Book Award, ein av dei mest prestisjetunge litterære prisane i USA. Hausten 2024 kjem Øyehaug med romanen Her kjem sola.
Gunnar Wærness, skrivelærar på påbyggingskurset
Fødd i 1971. Wærness er forfattar, gjendiktar og kabaretartist. Wærness debuterte i 1999 med diktsamlinga Kongesplint, som han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Sidan har han gjeve ut samlingene Takk (2002), Hverandres (2006), Bli verden (2007), Tungen og tåren (2013), Venn med alle (2018), Å skrive er å be om for mye (2020) og Ta på Jesus (2021). For Venn med alle vart Wærness nominert til Brageprisen. I 2010 redigerte han antologien Verden finnes ikke på kartet i samarbeid med Pedro Carmona-Alvarez. Saman med Henrik Skotte utgjer han kunstnarduoen Brødet og Eselet, som gav ut boka Del likt i 2017. I 2023 fekk Wærness Doblougprisen for forfattarskapen sin.